Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

SpareBank 1 endrar namn

Frå 1.mai 2010 endrar SpareBank 1 Volda, Ørsta, Herøy og Ulstein namn til SpareBank 1 Søre Sunnmøre. I løpet av våren vil det nye namnet vere på plass påalle papir, dokument, skilt, logoar og anna marknadsmateriell frå banken.

Etter at banken etablerte seg med nye avdelingskontor i Ulstein og Herøy og gjekk inn i SpareBank 1-alliansen har ein sett behovet for å endre namnet på banken. Banken ynskjer å ivareta den lokale tilknytinga, samstundes som kunden ikkje skal vere i tvil om kva bank ein er kunde i.

- Vi er heimehøyrande på Søre Sunnmøre, og difor meiner vi namnet passar godt anten ein bur i Volda eller i Herøy, seier marknadssjef i SpareBanken 1 Søre Sunnmøre Lillian Breivik. Marknadsmessig er det også lettare å kommunisere det nye namnet, understrekar ho.

-Det pågår no ein stor jobb for å få på plass det nye namnet. Alt frå stadionskilt til lånedokument skal byttast ut, men vi reknar med å vere ferdige før sommaren, seier Lillian Breivik.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.