Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

På vengane i oskepausen

Måndag var det sju passasjerar ombord i 11-flyet frå Hovden til Oslo. Tretti passasjerar hadde billettar. 

Oskeskya frå Island har ført til full stans i flytrafikken i Noreg over fleire dagar. Måndag kom dei første flya seg i lufta frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, etter fire dagar stillstand. Også tysdag kom morgonflyet til Oslo seg av garde, mens dei neste avgangane vart kansellerte. Situasjonen er svært uforutsigbar. 

Måndag fekk flytrafikken i Noreg hjelp frå naturkreftene. Vinden blåste oskeskya frå Island vekk frå norsk luftrom, og luftrommet over nær sagt heile Noreg vart opna for flytrafikk. Men tysdag har nye oskeskyer inntatt landet, og den eine flyplassen etter den andre må igjen sette flya på bakken. 

- Folk har gjerne funne seg andre måtar å reise på fordi det er vanskeleg å vite kva som vil skje frå time til time, seier sals- og servicemedarbeidar ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, Michael Lindvik. Han har hatt stille dagar på jobb.

I snitt er det 30 passasjerar om bord i flya som lettar frå Hovden med retning for Sogndal eller Oslo. No er talet over halvert. Også dei flya som landar på Hovden har få passasjerar ombord.

- Mange kuttar nok ut reisene sine fordi dei ikkje veit om dei vil kome seg heim, trur Lindvik.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.