Knut Nautvik og Rune Heggedal seier flyforbodet har gitt ein viktig påminnar om kor viktig lokal akuttberedskap er. Her frå helikopterlandingsplassen ved Volda sjukehus.
- Når helikoptera ikkje kan fly vert det ekstra viktig med kort veg til sjukehuset, seier Rune Heggedal og Knut Nautvik ved Volda sjukehus og peiker på den viktige rolla eit lokalsjukehus har.
- Det er viktig med desentralisert sjukehusstruktur. No er det flyforbod og oske frå vulkanen på Island som står bak den store utfordringa, neste gong er det noko anna, seier Rune Heggedal som er beredskapsleiar ved Volda sjukehus. Han legg til at det minst er like viktig med lokal akuttberedskap i kvardagen og er sterk motstandard av at akuttfunksjonane ved lokalsjukehusa skal kunne leggast ned.
Viktig rolle
Knut Nautvik, som er klinikksjef ved kirurgisk klinikk som omfattar akuttavdelinga i Volda, peikar på at det ikkje er gjort i ein fei å bygge oppatt eit fagmiljø som er fjerna. - Noko slikt kan ta opp mot 10 år! Dermed er det ikkje berre å flytte personell frå dei store sjukehusa til lokalsjukehusa ved akuttsituasjonar, seier han. - Dei nye transportmiddela er kjempeflotte hjelpemiddel, men dei er sårbare både ved vanskeleg ver og tekniske forhold, samt at personell må ta omsyn til kviletid.

