
Her har endå ein bil hamna på tverra og stenger Elvadalen.
Det uventa store snøfallet søndag laga trafikkaos i Elvadalen i Volda.
Såpeglatte veger kombinert med at dei aller fleste har lagt om til sommardekk, ordna trafikkaos i Elvadalen søndag kveld. Kaoset oppstod då ei rekkje med bilar måtte stoppe opp og nokre av dei greidde sjølvsagt ikkje å ta laust att. Dermed hamna nokre på tvers av vegen og kaoset var eit faktum. Ein forbipasserande stilte seg opp og gav teikn til bilar på veg nedover at dei skulle slakke på farta, medan korka lenger nede vart forsøkt ordna opp i. Etter ein god halvtime såg det ut som om det hadde ordna seg, men då køyrde ein bil av vegen.
Trafikkaos i Elvadalen
- Publisert dato:
- sundag 18. april 2010, klokka 19.53.40
- Sist endra:
- sundag 18. april 2010, klokka 19.58.39
- Artikkelforfattar:
- Tore Aarflot
- Synspunkt på artikkelen?
- red@mre.no
Tips ein ven
Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.

