
Tre bussar gjekk frå Søre Sunnmøre mot Oslo torsdag kveld, den eine av dei kunne returnere frå Stryn.
Frå Søre Sunnmøre gjekk det ikkje mindre enn tre Ekspressbussar mot Oslo torsdag kveld.Den eine vart fylt med passasjerar på Ytre Søre og i tillegg måtte nokre sitte i drosje innover til fastlandet, den andre vart fylt opp ved busshaldeplassen på Moritzmarka i Volda, og den tredje skulle ta opp folk på strekninga frå Volda til Stryn der det var fordeling av passasjerar som skulle nord eller sørover. Plassmessig ordna det seg slik at den tredje bussen kunne returnere til Volda torsdag natt.
Har plassgaranti!
Magne Hetle i Fjord1 Buss Møre seier til Møre at det normale er 25-30 personar i nattbussen til Oslo ein torsdagskveld.
- Torsdag kveld var det om lag 100 passasjerar nedover. Vi måtte også sette inn ein ekstrabuss på ruta frå Oslo, seier Helte, og peikar på at dei har plassgaranti på Ekspressbussen, noko som betyr at dei har ansvar for å kunne ta med alle som ønskjer å ta bussen.
– Torsdag ordna vi dette med å leige ein buss i Oslo, forklarar han.
Sjå stor reportasje om konsekvensar av flyforbodet i Møre laurdag 17. april.

