Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Sterk vekst på flyplassen


Gladmelding frå flytårnet i Hovdebygda: - All time high again!

Trafikktala og veksten på flyplassen i mars var større enn nokon gong. Dei hadde 9.309 reisande med Widerøe i mars. Det er ein vekst på 17,4 prosent, eller 1.380 fleire reisande enn i mars 2009.

Ikkje ein einaste månad i 2009 hadde dei så mange reisande som dette.

Beste trafikkmånaden i fjor var november med 8.554.

I år hadde dei først ein vekst på 9,7 prosent i januar. I februar var veksten på 7,9 prosent, og så tok det altså av i mars med 17,4 prosent.

Det dei ser for seg på flyplassen er at sjølv om veksten er stor no, så er det når Kvivsvegen opnar at dei verkeleg vil oppleve vekst. Dermed er det vel alt som tyder på at no må arbeidet med reguleringsplanen  for flyplassen gå raskare enn det har gjort til no.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.