
Skal du reise sørover, austover eller nordover, er Ekspressbussen det einaste alternativet om du skal bruke eit kollektivt transportmiddel.
Torsdag morgon kunne Magne Hetle i Fjord1 Buss Møre bekrefte at bussane inn og ut frå Volda går etter ruta, trass i at det er sjansar for at det vert streik i transportsektoren.
- Vi er ikkje uttekne i streik i første pulje, dermed vil både lokale og ekspressbussruter gå som planlagt, seier Hetle. I praksis betyr det at reisande kjem seg både til Trondheim, Bergen og Oslo.
Stopp i flytrafikken
At det torsdag morgon var full stopp i flytrafikken over heile Noreg, vil føre til at reisande vel buss og tog. NSB har allereie meldt om fulle avgangar, Fjord1 Buss Møre har materiellet klar.
- Om det vert nødvendig set vi inn ekstramateriell for å gi dei reisande eit godt tilbod, sa Hetle til Mre.no torsdag morgon.

