Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Frisk konkurranse i svingete løype


Nikolai Engeset er ivrig på å få sin premie.

1. påskedag var det duka for det tradisjonelle Voldameisterskapet i alpint på Reset. Både unge talent og gamle veteranar innanfor sporten, spente på seg skia og gav alt i løypa.

Vårens vakraste eventyr kallar arrangøren VTI Alpint Voldameisterskapet. Med lett overskya ver og godt preparerte løyper så var det mange som let seg lokke til Reset søndag ettermiddag.

Først ut var dei aller minste som køyrte i den korte løypa. Fleire deltakarar ned i 3 års alderen, viste at dei hadde utnytta dei gode forholda i bakken gjennom vinteren. Det vart litt knall og fall her og der, men svært mange viste prov på både god alpin og telemark teknikk. For mange var dette også deira første konkurranse på ski nokosinne.

Men det var konkurranse for dei litt eldre og dei som kallar seg for veteranar. I desse klassene var det stor konkurranse.

Les stor reportasje i Møre tysdag 6. april.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.