
I hallen har A. Våge AS satsa stort på meir effektiv produksjon.
Og her viser Askjell Våge fram litt av det som skal bli nytt kaianlegg i
Kristiansund.
Entrprenørfirmaet A. Våge AS har satsa store summar på den nye produksjonshallen i Furene. Der har dei utvida og effektivisert verksemda si, - og ikkje minst teke utearbeidet med seg inn.
Kaibygging har lenge vore ein av spesialitetane til firmaet A. Våge AS. No er dei i gang med ei større kaiutbygging i Kristiansund. Og tru det eller ei, - kaianlegget bygg dei ferdig under tak inne i produksjonshallen sin i industriområdet i Furene.
- Å få opp denne hallen har nesten vorte avgjerande for oss. Her kan vi både få til meir effektiv produksjon, og vi kan betre sikre kvalitet på det vi lagar her, poengterer dagleg leiar i firmaet A. Våge AS, Askjell Våge.
Les stor reportasje i Møre 30. mars.

