
Her er Dalsfjord musikkorps og Lauvstad skulekorps under framføring av musikk i friske takter, under leiing av dirigent; Magne Drabløs.
Dalsfjord musikkorps og Lauvstad
skulekorps har hatt felles øvingshelg, og ei av målsetjinga er at begge korpsa
i lag skal delta på korpstreff på Åndalsnes til sommaren.
På Vesttun grendahus
var det ein fin konsert sundag ettermiddag og framførte det dei hadde øva på i
to avdelingar. I andre avdeling var det framført litt annleis
korpsmusikk, det var; Sarabande, eit musikkstykke av Georg Friedrich Händel, så
ein vals ”Brundalsætra”, og avslutta meisterleg med ”Til mitt eget Blue Havaii”
eit musikkstykke som er kjent i gjennom vokalisten; Christer Sjøgren i
dansebandet Vikingarna, - under leiing av dirigent Magne Drabløs.
Bevertning
Korpsa hadde lagt opp til sal av middag
denne dagen, og leiarane i korpsa; Anita Løvik i Dalsfjord musikkorps, og
Ingrid Torvik i Lauvstad skulekorps, - fortel at det vart servert 120 middagar,
som var kjøttkaker med tilbehør. Seinare på dagen var det sal av kaffi og
kaker.
Begge korpsleiarane roste foreldre og bygdefolk elles om den støtte dei hadde fått med baking av kaker og skaffa gevinstar til loddsal, som er ein viktig del for å styrkje økonomien til korpsa, og det viste att på kjøpelysta og på konserten der ein fullsett sal lytta til korpsmusikken. Dette er eit fint samarbeid mellom bygdene på Dalsfjord vestside.

