
Jonathan Borge Lie og Anne Silje Bø har brukt mykje tid på å forme festivalprogrammet.
Dei fleste filmane er bekrefta
og festivalprogrammet er så godt som spikra. Den Norske
Dokumentarfilmfestivalen
nærmar seg med stormskritt.
Etter å ha sett nærare 250 filmar dei siste to månadene, er dei programansvarlege no langt på veg i utveljingsprosessen.
- Det har vore ein utruleg lærerik prosess og eg føler den har utvikla meg som dokumentarfilmskapar, seier Anne Silje Bø, som saman med Jonathan Borge Lie er programansvarleg for Dokfilm. Dei to har blant anna vore på tre internasjonale dokumentarfilmfestivalar, i Sheffield, Amsterdam og Helsingfors, og jakta på filmar til festivalen.
- Filmane vi har valt ut er varierte, både med tanke på innhald og forteljarmåte. Vi har lagt stor vekt på å vise ulike måtar å lage dokumentarfilm, seier Borge Lie.
Han peikar også på at det har vore viktig for dei å finne filmar som kan falle i smak hos kvar og ein.

