Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Valkyrien Allstars til Festspela


Valkyrien Allstars vartar opp med forrykande felespel og rocka folketonar på Dei nynorske festspela. Sjelfull og sterk vokal akkompagnert av feleriff og kollektiv improvisasjon har blitt deira varemerke. Laurdag 26. juni spreier dei gode vibrasjonar frå utescena i Ivar Aasen-tunet.

Med Tuva Syvertsen som frontfigur trollbind dei tre forføreriske felespelarane publikum med ei leikande og virtuos blanding av norsk og unorsk. Dei vågar å kople det kjenslevare med det fyrige, det enkle med det ekstravagante. Inspirert av både blues, jazz, reggae og rock flyttar dei grenser ved å eksperimentere med tradisjonane og la urbane villskot få blomstre på urnorsk rot.

Tradisjon med noko ekstra
Musikken deira har rot i det norske tradisjonsmiljøet, men dei eksperimenterer og blandar stilar og sjangrar, og har på den måten utvikla sitt eige lydbilete. Dette gjer Valkyrien Allstars både nyskapande og internasjonal. Dei elskar å leike seg frem til nye variantar, men alltid med respekt for det opphavlege.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.