Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

- Livsfarlig å køyre rundt Dalsfjorden


Fotoet viser ei maskin frå Mesta som vart teken av snøras då den var i ferd med å rydde vegen mellom Folkestad og Nautvik.

Jørn Olav Løset reagerer på at det er opplyst at det går an å køyre frå Dalsbygda til Lauvstad. – Det er rasfarlig der også, seier han til Mre.no og peikar på at heile Dalsfjorden er rasfarlig.

- Eg er forundra over at ein trur det er risikofritt å køyre rundt Dalsfjorden, frå Lauvstad til Dale, altså Dalsbygd. Om nokon prøvar kan eg tilby overnatting, for folk som er på arbeid no, og normalt køyrer forbi Skarhammaren er det no ei vurdering om dei skal improvisere overnatting på den eine eller andre sida. Dei farligaste rasa langs strendene har enno ikkje gått, og ein reknar med at vegen rundt kan bli stengt når som helst, opplyser Løse

Farlige strekningar

- Ein veit at fonnoverbygga ikkje sikrar alt. I dag tidlig gjekk det heller ikkje skule- og barnehageskyss. Forholda akkurat no kan reknast som ekstreme og heilt uvanlige. Det er mange år sidan sist det var slik. Ein bør kanskje ta opp til diskusjon om sikringa ved Skarhammaren er god nok. Kanskje burde det vere eit fonnoverbygg også her. Det er lukst ned i sjøen om ein bil blir tippa over autovernet, og der er det brådjupt, åtvarar Jørn Olav Løset.

Vart teken
Vegen mellom Folkestad og Nautvika var stengt måndag, men det vart arbeidd for å opne den. Då gjekk det eit ras som delvis gravla maskina som var i arbeid. Føraren kom seg ut og i tryggleik, men maskina vart ståande att.


Sjå rapport frå Statens Vegvesen her

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.