Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Humor, sjarme og flott song



Koret avslutta med 70-talsslageren Mamma Mia. Agnetha og Anni-Frid var sjølvsagt med!

SmakeBEAT: Med humor, sjarme og flott song frå scena var det berre for publikum å lene seg tilbake i stolen i teatersalen på Kulturhuset i Ørsta og nyte førestellinga.

I samarbeid med eit dyktig band, sett saman av Helge Berg på tangentar, Mattis Moviken på trommer og Cornelius Østlie på bassgitar, gjorde koret solide framføringar frå scenekanten. Ikkje minst fekk mange dyktige solistar kome til syne denne kvelden, inkludert dirigenten sjølv, Janne G. Skarstein. Skarstein gjekk rett inn i rolla som Tina Turner og gjorde ei rå framføring av ”A Fool in Love”.

Dei musikalske damene har lova å vise framsyninga fleire gongar.

Sjå stor reportasje i Møre tysdag.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.