
Frå snøraset som gjekk rundt 12-tida søndag føremiddag på RV 652 mellom Lauvstad og Velsvik. I 16.00-tida var vegen open for passering igjen. Som biletet viser var ein eigentleg heldig på ein måte sidan raset stoppa så og seie i autovernet og dermed heller ikkje tok med seg trafostasjonen rett nedanfor. Foto: Roy Joel Ulvestad
Mildver og regn har ført til stor rasfare og måndag morgon var fleire vegstrekningar stengde.
Søndag i 12-tida gjekk der eit ras
mellom Lauvstad og Voldshammaren, vegen vart rydda att og opna i 16-tida. Natt til måndag gjekk det nytt ras. Denne gongen i Storegjølet ved Voldshammaren og tre andre ras
like ved, altså på strekninga mellom raset som gjekk søndag og Voldshammaren.
Usikker
Måndag morgon melde Statens Vegvesen og Mesta til Mre.no, at situasjonen var så usikker at strekninga vert stengt nokre timar framover til ein får temperaturskifte eller at ein ser at det er tomt for snø i dei rasfarlege gjøla.
Sjå meldingar frå Statens vegvesen her.
Stengt mellom Folkestad og Dalsbygda
Natt til måndag gjekk det ein del småras på vegstrekninga mellom Folkestad og Dalsbygda på Dalsfjorden si austside. Måndag morgon var vegstrekninga stengt, men i ly av dei nye rasoverbygga kunne folk på Dale køyre rundt Dalsfjorden til Lauvstad.
Geislida er stengt
Måndag morgon var Geislida, vegen mellom Høydalen og Bjørneset, stengt. Denne vert fortløpande vurdert.
Måndag morgon hadde ikkje Statens Vegvesen meldingar om rasstengde vegar i Ørsta kommune.

