
F.v. Tomas Humberset Osdal, Ådne Håskjold Lade, Oliver Høydal og Adrian Roen Kristiansen, saman med leiar i foreldregruppa og styremedlem i VTI Fotball Monica Velle Høydal. Gutane gler seg veldig til oppstart av mini-fotball. Det skal kome ei gutegruppe og ei jentegruppe for 2003-årgangen.
- No er det på tide og kome i gang med fotball for 1.klassingane! seier Monica Velle Høydal. Etter påske startar Volda Fotball opp treningar for jenter og gutar fødd i 2003. I samband med dette byr no klubben inn til eit foreldremøte på Volda stadion.
- Gutar og jenter trenar kvar for seg, og har også kvar si trenar- og foreldregruppe. Volda Fotball gir litt starthjelp, men elles er det slik at foreldra sjølve må organisere arbeidet i gruppa, seier leiar i foreldregruppa og styremedlem i VTI Fotball Monica Velle Høydal.
Treng hjelp
- Dei første åra er det ikkje så viktig
kor mykje fotball ein kan. Det er mykje viktigare at det er mange foreldre som
er med på treningane og hjelper til med å knyte sko og rettleier ivrige
spelarar til å få med seg det som skjer, seier Høydal.
Høydal oppmodar alle foreldre som har høve, til å delta på gruppa sitt aller første foreldremøte.
- Vi har behov for foreldre til ei rekke mindre og større oppdrag i løpet av sesongen, uavhengig av fotballkunnskapar, stadfestar Høydal.
Kom på foreldremøte
- Alle foreldre som har tid og lyst til
å vere med på å gi 1. klassingane ein
god start på fotballbana, enten som trenar eller i foreldregruppa rundt laget,
må hugse å møte på foreldremøtet, seier Høydal.

