Åmdalskoret berre damer er klar med ny kabaret. laurdag går første framsyninga.
Åmdalskoret berre damer har laga ein ny kabaret der dei serverer musikalske smakeBEATar frå dei siste 80 åra. Det blir slentrande nostalgi, friske sambatakter og drivande diskorytmer.
Kabareten er i velkjent stil med god musikk og mykje humor. Blant dei musikalske innslaga er Ella Fitzgeralds ”A-Tisket A-Tasket”, Tina Turners ”A fool in love” og koret sine eigne gitarheltar med Halvdan Sivertsens ”venner”.
Damene i koret arbeider seriøst med å skape vakre scenebilde rundt songen. På same vis som dei har henta songar frå kvart tiår, har dei funne fram til tidsrette antrekk som representerer dei ulike tidsintervalla.
Til sine tre første kabaretar nytta koret innspelt akkompagnement. Det har fungert veldig bra, men i år fekk damene lyst til å prøve noko nytt og har fått med seg eit eige husorkester på førestillingane. Dette er Helge Berg på tangentar, Mattis Moviken på trommer og Cornelius Østlie på bassgitar.
Koret har mykje spanande å by på, og håper på fulle hus i mars når kabareten vert sett opp på Ørsta kulturhus. Etter premieren laurdag 6. mars vert det dans på kulturhuset med The Red Roosters Bluesband.
Framsyningar: Laurdag 6. mars, torsdag 11. mars og fredag 12. mars.

