Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Vil helst ha politihus i Hovdebygda


Om det ikkje kjem inn klager frå dei andre som er med i anbodskonkurransen, - og det gir anna prioritering, så vil det nye felles politihuset for Volda Ørsta bli bygt her, i tilknytning til bygget Toyota held til i.

Hovden Næringssenter AS med Petter Myklebust som eigar er i utgangspunktet tildelt kontrakta med å få leige ut bygg til nytt felles politihus for Volda og Ørsta.

Sakshandsamarane i Ålesund meiner at publikumstilgangen vil vere best i det nye bygget på industriområdet ovanfor flyplassen.

Informasjonsansvarleg i Sunnmøre politidistrikt, Kamilla Bolstad, seier det slik at dei ikkje vil gå ut med noko informasjon i saka før klagefristen er ute 10. mars klokka 12.00.

Det som så langt er klart er at Hovden Næringssenter AS er tildelt kontrakta for å få leige ut lokale til det nye felles politihuset. Bak  selskapet står Petter Myklebust og det han har levert inn tilbod på er å bygge eit nytt stort bygg på industriområdet i Hovdebygda, ovanfor flyplassen. Det vert eit bygg i forlenging av bygget som Toyota held til i. Eit bygg som også Myklebust eig.

For meir info: Les Møre torsdag 4. mars.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.