
Rolls
Royce sine lokale i Volda.
Måndag fekk dei tilsette ved Rolls Royce i Volda melding om at selskapet vurderer tiltak for å betre lønsemda. Eitt mogleg tiltak er å flytte avdelinga i Volda til Ulsteinvik.
Dag Skarbø ved informasjonsavdelinga til Rolls Royce i Ulsteinvik stadfestar overfor Møre at selskapet har utarbeidd eit skisseprosjekt med tanke på å slå saman avdelingane i Volda og Ulsteinvik. Men han presiserer at ingenting er bestemt endå.
Klubbleiar Roger Selvik ved Rolls Royce i Volda fryktar ikkje for jobbane til dei tilsette ved industriverksemda.
- Eg kan ikkje uttale meg om planane på noverande tidspunkt. Førebels er dette berre på skissestadiet, og planane er ikkje godkjent i styret til Rolls Royce endå. Før det eventuelt skjer er det vanskeleg å ha ei meining om saka, seier han.

