På Lidaeidet var det lange bilkøer. Folk spende på seg skia og la turen enten inn Rotevassdalen eller mot Melshornet.
I helga har det rett og slett vore påskeutfart til fjells for vergudane gav folk ein smakebit på svært godt turver.
Det er akkurat slik vi går og drøymer om: Blå himmel og vindstille dagar. Slik var det søndag, folk som hadde vore på tur laurdag fortalde at det hadde vore litt meir trekk då, men likevel topp turver. Og det hadde det vore fredag også.
Turløypa som vart trakka innover Rotevassdalen gjorde stor lukke og svinga seg heilt inn til Vassteinvatnet mellom Skarphornet og Koppefjellet.
Dei som ville opp på Koppefjellet måtte forsere bratte skråningar som er altfor bratte til trakkemaskina. Koppefjellet eller ei, turen innover Rotevassdalen er ein heilt ypparleg tur, både for minstemann og for dei som er eldre.
Det var også svært mange som la turen til Melshornet.
- Laurdag var det heilt svart av folk her, fortalde Oddny Innerdal og Stig Grevsnes. - Og det vert det nok i dag også når det lid litt ut på dagen.

