
Jentene i hip-hop 2, med dansepedagog Andrea Palmer i front.
The Norwegian All-Star Dance Festival inviterar til dansekonkurranse på Ørsta kulturhus i dag. Det er første gong eit slikt arrangement vert halde i distriktet.
Dansepedagog Andrea Palmer står som arrangør for konkurransen. Til vanleg underviser ho i Ørsta og Volda ballettskule.
Danseglede
- Dette er ei uhøgtidleg og morosam dansekonkurranse som eg håpar kan vere med å skape meir glede og interesse for dansing. Eit flott høve til å kunne vise fram kva elevane i ballettskulane har lært, fortel ei engasjert Andrea Palmer.
Mellom 80 og 90 deltakar skal vere med laurdag 27. februar. Dei kjem frå både Ørsta og Volda ballettskule, Herøy Kulturskule, Sunnhordland Folkehøgskule og danselina frå Trondheim, Trøndertun.

