Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Semitrailer stengde vegen rundt Austefjorden

Den tyske traileren prøvde å rygge, men hamna i grøfta. (Foto: Janne-Marit M. Falch)

Vegen rundt Austefjorden er opna att etter at to semitrailerar sperra vegen i fleire timar torsdag. To utanlandske vogntog køyrde seg fast i snøen. Ingen av dei hadde kjettingar på.

Som Møre kunne avdekke for ei stund sidan køyrer utanlandske vogntog rundt Voldsfjorden for å spare ferjepengar. I vinter har dette ført til nokre utforkøyringar i Austefjordområdet.

Torsdag føremiddag køyrde ein rumensk semitrailer utfor vegen. Tyskeren som kom ei stund etterpå kom seg ikkje forbi og måtte rygge. I svingen ved Juvika hamna den utfor.
Ein bergingsbil frå Eid vart tilkalla for å få dei to vogntoga på vegen att. Etter over fire timar med stengd veg, kunne politiet opne for trafikk att like over klokka 15.00.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.