Kvivsvegen kan føre til at det vert sjukehussamarbeid mellom Helse Sunnmøre og
Helse Førde. Helse Førde ligg under Helse Vest medan Helse Sunnmøre ligg under
Helse Midt-Norge.
Det bestilte høyringsutkastet angåande Strategi 2015 for Helse Sunnmøre var ikkje ferdig til tysdagen sitt styremøte. Det avgjerande er kva samarbeidsformer Helse Sunnmøre kan få med Helse Vest.
Det knyter seg stor spenning til kva som kan kome ut av kontakten mellom Helse Vest og Helse Midt-Norge. Spørsmålet som er retta til sjukehusregionen som Volda sjukehus og Helse Sunnmøre grensar til, er om ein kan finne samarbeidsformer på grunn av nye kommunikasjonar. Som kjent skal Kvivsvegen opnast i 2012 og innbyggjarane frå grenseområdet på Nordfjordsida får kort og ferjefri veg til Volda sjukehus. Men sameleis gjeld for grenseområda på Sunnmøre til Nordfjord sjukehus.
Samarbeid
- Det er område innan rus, psykiatri, føde og akuttfunksjon vi ser på for å sjå om vi finn fagområde vi kan samarbeide om. Og når det gjeld samarbeid så må vi sjå begge vegar, seier styreleiar i Helse Sunnmøre, Marthe Styve Holte.
Tek kommunikasjon på alvor
Styve Holte presiserer at også helse-regionane må ta dei nye kommunikasjonane på alvor.
- Det er det vi gjer no, seier styreleiaren. Under møtet vart det berre ei orientering frå adm.dir Astrid J. Eidsvik, men Styve Holte lovar at høyringsutkastet skal ligge klart til styremøtet i mars slik at folk får vite kva arbeidsoppgåver som vert lagt til Volda sjukehus.
- Vi har leigt inn eksterne krefter for å få arbeidet ferdig tidsnok, orienterer ho.

