Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Merka Mylna som attraksjon


No som Vegvesenet har gått med å merke Volda El. Mylne som ein attraksjon, trur Elias Moe at det kan bli skapt endå større interesse. Saman med mylnemeister Sandvik arbeider han vidare for å utvikle tilbodet.

Den vegskiltinga som no er komen opp ved innkøyringa til Mylna, har Elias Moe kjempa lenge for å få. At kaffikoppen er med på skiltet er viktig for vidare utvikling av Mylneriet.

Vegvesenet har sett strenge krav til å få opp den brune skiltinga som dei no har fått opp til Volda El. Mylne. Derfor vedgår Elias Moe at det har vore ein lang kamp for å få det til. Men han har fått god hjelp av fylkeskonservatoren, som har tilrådd søknaden.

Viktig skilt

No er skiltet på plass. Og Moe er glad for at det ikkje berre er merket for ”severdighet” som er på det brune skiltet, men at også kaffikoppen er med. Det vil medverke til at også tilstrøyminga til Mylneriet kan bli større.

Moe kan elles konkludere med at interessa for Mylna, både som attraksjon og for den spesielle produksjonen dei har, har auka. Framover vil dei prøve å satse endå meir på tiltaket dei har etablert med å få busslaster med turistar på omvising.

At den spesielle brune vegskiltinga med merket for attraksjon er komen opp, gjer også at dei kan vente seg fleire som kjem innom. Dermed vil også grunnlaget for vidare drift vere styrka. For Moe og alle dei som støttar han i arbeidet for å gjenskape Mylne-miljøet, vert det lagt eit langsiktig og godt arbeid til grunn for utviklinga.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.