Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kvivsvegen i rute

 I Kalvatntunnelen har maskiner og dynamitt laga 426 meter med tunnel. Totalt skal Kalvatntunnelen vere 1.600 meter lang.

Sidan november har dei som arbeider på Kvivsvegen laga snart to kilometer med tunnel. Dei har over 7,5 kilometer att, men timeplanen er følgd til punkt og prikke.

- Vi rettar på skaparverket, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen om den store byggeaktiviteten. Han seier det med andakt. Det er ikkje berre berre å tukle med den slags. På ei god veke lagar dei 50-70 nye tunnelmeter i kvar tunnel. Bit for bit et dei seg inn i steinmassane.

Tunnelmeter

Kvivstunnelen blir den lengste av tunnelane med sine 6.490 meter. Den skal gå frå Kalvatn til Grodås. Til no har dei skote ut 317 meter frå Kalvatn-sida og 358 meter frå Grodås-sida.

Kalvatntunnelen blir den nest lengste med 1.600 meter, og den går gjennom fjellet Eidsnakken. Til no har dei kome seg 426 meter inn i fjellet.

Fyrdsbergtunnelen som startar ved Fyrde, endar 1.125 meter lenger borte, ved Litlevatnet. 616 meter er tilbakelagt.

I følgje lokalwiki.no vil det totalt gå med heile 1.636.000 kilo med sprengstoff. Det inkluderer også Damfosstunnelen på 170 meter. Her er ikkje sprenginga i gang enno.

Om lag 170 personar er i arbeid. Å bygge tunnel i minusgrader om vinteren høyrest kanskje ikkje så lukrativt ut, men Pladsen forsikrar om at det har gått greitt.

- Det er ikkje så kaldt når du kjem deg eit stykke inn i fjellet. Då betyr det ikkje noko særleg kva temperaturen er på utsida.

 Les meir, og sjå fleire bilde i Møre laurdag 20. februar. 

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.