
Glimt frå ein tidlegare Internasjonal dag.
17. februar arrangerer Høgskulen i Volda internasjonal dag.
Leiar ved Internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen, seier dette er det største Internasjonal dag-arrangementet dei har planlagt nokon gong.
– Høgskulen i Volda (HVO) får rekordmange internasjonale gjestar - frå Honolulu til Russland, strålar Wilhelmsen. Av tungvektarane som kjem er mellom anna Nita Kapoor, direktør for Fredskorpset.
Alle er
med
Internasjonale
miljø frå regionen, asylsøkjarar, flyktningar og andre vil også ta del i
arrangementa saman med norske og internasjonale studentar og tilsette ved
høgskulen.
– Vi har aldri hatt så mange kulturelle innslag som i år heller, seier Wilhelmsen.
Elevar ved Ressurssenteret på Hareid vil danse, studentar vil underhalde, og ikkje minst vil Merkesteinane, som er involvert i eit Fredskorpssamarbeid i Afrika saman med HVO, spele.

