Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Vil sikre akuttfunksjon og fødeavdeling i Volda

Ein viktig føresetnad for at folk vil bu i distrikts-Noreg er tryggleik for rask og god hjelp når sjukdom råkar. Oppslutninga om folkeaksjonen for å ta vare på akuttfunksjonane ved sjukehuset i Volda og fakkeltoget nyleg er  tydelege teikn på at dette handlar om noko av det viktigaste i livet og kvardagen til folk.


Aldri er vi så sårbare som når vi er sjuke, og aldri er det viktigare å vite at det er hjelp å få i nærleiken.

- Som politikarar har vi plikt til å syte for at  naudsynte tenester  er tilgjengelege når folk treng dei. Difor vil Volda SV arbeide hardt for å halde oppe akuttfunksjonane og fødeavdelinga ved lokalsjukehuset i Volda, seier årsmøtet til Volda SV og Fylkesstyret i Møre og Romsdal SV. 

- Sjukehuset er veldrive, med kompetent arbeidskraft og god rekruttering. Nærleiken mellom bustad og sjukehus gjer at vaktberedskapen er organisert så rimeleg som råd. Geografien med fjordar og fjell og nye samferdsleløysingar i regionen er andre viktige argument  for at det er naudsynt og fornuftig å halde oppe eit akuttilbod mellom Førde og Ålesund, seier SVarane.

- SV meiner at sjukehusa skal ha demokratisk, politisk styring. Difor gjekk vi imot  oppretting av helseføretaka, der marknadstenkjing etter vårt syn styrer økonomien i for stor grad. Landsmøtet vårt i fjor vår vedtok at føretaksmodellen må avviklast, og at styringa av sjukehusa må attende til politikarar som er valde av og har nærleik til folket. Dette vil gje innbyggjarane betre høve til å påverke både sjukehusstruktur og behandlingstilbod. Landsmøtet vedtok også at SV vil styrkje og utvikle lokalsjukehusa, og sikre at eit  kvalitetssikra fødetilbod er  tilgjengeleg for alle, står det i pressemeldinga utsend av SV.

- Vi ser at utfordringane i helsesektoren er store. Difor meiner vi Stortinget gjennom ein demokratisk prosess må vedta ein nasjonal helseplan som teiknar det store helsekartet og tek stilling til overordna prioriteringar og ansvarsfordeling. Her er det viktig at ein ikkje tenkjer skjematisk, men tek utgangspunkt i korleis dei einskilde sjukehus og føretak fungerer i kvar region, peikar dei på.

Organiseringa av sjukehusa må både stette trongen for spesialisering ved sjukdomar som krev det, og trongen for nærleik og tryggleik for innbyggjarane når det står om minutt eller timar, er kravet frå SV.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.