Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Relaterte artiklar:

Kattugla sin siste landingsstad


Den vakre kattugla enda sine dagar på ein veranda i Volda. Ho har truleg døydd av alderdom eller sjukdom, for det var ingen ytre teikn på skade. (foto: Åshild Lauritsen)

Søndag gjorde Åshild Lauritsen store auge då ho kika ut på altanen. Der låg nemleg ei daud kattugle!

Dette er truleg den same ugla som Møre skreiv om førre torsdag. Onsdag i førre veke var ho observert sitjande på ein gesims på nedsida av Nordea-bygget i Volda sentrum. Kattugla sat urørleg i timevis, til stor glede for nysgjerrige forbipasserande. 
Til slutt forlet ho staden, og var sist sett flygande i retning kyrkjetårnet. No har ho tydelegvis takka for seg.

Ikkje ytre skade

Lauritsen veit ikkje kor lenge ugla har lege på altanen, sidan der har vore mykje snø.

- Det er ikkje kvar dag vi går ut der, seier ho forklarande. Ho fortel at det ikkje viste nokon ytre teikn på at ugla var skadd. Difor ynskjer Lauritsen å få kattugla utstoppa.

- Det vart ingen begravelse nei, seier ho, og viser til at ugla er forsvarleg nedfryst i påvente av å bli sendt til ein taksidermist.

- Dette er ikkje den mest vanlege fugletypen her på våre kantar, så vi ynskjer å ta vare på den, forklarar ho. Lauritsen seier ho har stor glede av å ha fuglar i nabolaget, og det hender ho har høyrt ugler tute kring huset. Dette er likevel fyrste gongen ho har funne ei kattugle på verandaen.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.