Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

- Vurder moking av taka


Her i Bøgardsvegen kan snølasta per kvm vere opp i 250 kg, konstaterer Ole Lennart Vassbotn. – Då er det på tide å vurdere om ein skal moke av taket, konkluderer han.

Det store snøfallet, etterfylt av ei mildare periode og så snøfall på nytt, har ført til tung snø. No bed Volda kommune huseigarar vurdere å moke av taka sine.

Onsdag var kommunen sine folk ute og vurdere snødjupter og snølast. Mest snø fann dei øvst i Brattebergfeltet med 100 cm. Etter snøprøver kunne dei slå fast at vekta på ein kvadrat snø er 250 kg. I Hoggabakkane vart det målt 88 cm, noko som gir 190 kg per kvm og på Rotset ved rundkøyringa ved Leiteland, 80 cm - 170 kg per kvm.

Ulikt kva taka toler
Avdelingsingeniør på kommunalteknisk avdeling, Ole Lennart Vassbotn, fortel at frå midten av 80-talet var kravet til tak på nybygg å tole 400 kg per kvm.

- Men på 50-60 talet var kravet 150 kg per kvm, seier han. – Eldre tømmerhus er vanskelig å seie noko eksakt om, men det viser seg at ofte er dei dimensjonert for meir enn 50-60-tals husa.

- Slik det er no så bør alle som er usikre ta ein tur på taket. Dei med flatt eller lite fall og med shingel på taket, slik at snøen ikkje reiser av så lett, ligg meir i faresonen for å måtte moke, seier Vassbotn. – Men, minner han om, ikkje gløym din eigen tryggleik. Det er farleg å dette ned frå tak.

Vassbotn minner også om flate altanar eller flate garasjetak – Ikkje gløym desse.

Tette avløp
- Folk må hugse på at her har vore ei mild periode innimellom kuldeperiodene, dermed er det fare for tette avløp både i takrenner og slukar. Om det brått vert mildver med regn er det dermed ein viss fare for flaum, samt at snøvekta på taket aukar monaleg.

Vassbotn sitt moketips er å moke likt på begge sider av taket. – Då unngår du skeiv belasting på bygningskonstruksjonen.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.