
I dei yngste klassene var det berre vinnarar!
I eventyrlige omgjevnader arrangerte VTI Nordisk sonerenn i friteknikk på Reset laurdag. Det vart vist stor innsatsvilje og prov på talent i skisporet.
I strålande solskin og med nypreparerte løyper låg alt til rette for ein fantastisk dag i skisporet på Reset laurdag. Mange hadde tatt turen og spent på seg skia. Først ut i løypa var dei som var født i 2002 eller seinare. For mange av ungane var sikkert dette det aller første skirennet, men det mangla verken på innsatsvilje eller kondisjon. Rundt 30 stykker deltok i den yngste i klassa, og med litt hjelp i frå foreldre og besteforeldre kom alle seg i mål der varm saft stod og venta på dei.
Så fylde dei litt eldre på og seinare dei eldre som stilde med nypreparerte si og var rusta til konkurranse.
Sjå stor reportasje i Møre tysdag 9. februar.

