Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Skal ha kulturhus i 2012


Arkivfoto frå eit av dei store og flotte ballettshowa til Ballettskulen i Volda og Ørsta. Framsyningane må vere på Ørsta kulturhus.

Volda kommune har oppretta ei prosjektgruppe som skal jobbe for å få realisert eit kulturhus. Klarer dei å følgje den stramme tidsplanen, kan alt vere klart for snorklipping og opning 1. desember 2012.

- Det er på høg tid at vi kjem oss vidare i denne saka, sa Ingrid Opedal (SV) under kommunestyremøtet torsdag.

- Det har kanskje ligge litt i daudvatn for lenge, men det var greitt å la det sige litt etter den litt dramatiske avslutninga prosjektet fekk i fjor, sa Opedal og sikta til då kommunestyret stemte ned ei realisering av Innovata-prosjektet.

Kort tid
Prosjektgruppa har ein ambisiøs framdriftsplan. Innan 27. mai skal dei ha kartlagt behova i forhold til kva kulturhuset skal innehalde, dei skal ha funne tomt og skal ha bestemt om kommunen skal eige eller leige tomta, og dei skal legge fram ei grovskisse over inntektspotensiale og utgifter. I desember 2010 skal prosjektet lysast ut på anbod.

- Eg meiner tida er altfor kort til at prosjektgruppa vil klare å halde fristen, sa Arild Iversen (KrF).

- Tida er kort, men to ting er endra sidan sist. For det første skal det tilsettast ein ekstern prosjektleiar som skal jobbe med dette, og i tillegg er mykje av arbeidet gjort i førre runde, mellom anna med tanke på kartlegging av behov, argumenterte Opedal.

Formannskapet skal fungere som ei styringsgruppe, og prosjektgruppa må rapportere til styringsgruppa før kvart møte.

Kulturhusgruppe
Eit samrøystes kommunestyret vedtok at ordførar Ragnhild Aarflot Kalland, Helge Hamre, Lars Peder Barstad og Ola Rangsæter skal sitte i prosjektgruppa.

Mandat
Kommunestyret vedtok at styringsgruppa skal ha som mandat å syte for at prosjektet ”Kulturhus i Volda” vert gjennomført med dei arbeidsoppgåver og dei tidsfristar som er skissert. Styringsgruppa har sjølv instillingsrett til dei politiske organ som skal handsame saka. Styringsgruppa fastset mandat/retningsliner for prosjektgruppa sitt arbeid. Prosjektgruppa kan opprette arbeidsgrupper ved behov og fastsette mandat/retningsliner for desse. Styringsgruppa kan utvide referansegruppe ved behov. Styringsgruppa skal tilsette prosjektleiar. Kroner 500.000 vert stilt til rådvelde for styringsgruppa for dekking av naudsynte utgifter.

Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland er svært glad for vedtaket.

- Eg er glad dette fekk ei så brei oppslutning, både i forhold til styringsstruktur og framdrift. Eg ser fram til å starte arbeidet. Vi har lagt eit valdsamt press på oss sjølve, og det ser eg på som heilt nødvendig i denne saka.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.