
Natt
til laurdag kl. 01.45 kom det inn melding til politiet sin
operasjonsentral i Ålesund om eit masseslagsmål i ei Ørsta-gate.
Personen som ringde inn fortalde at det var ulike nasjonalitetar
innblanda, men overvekt av norske.
Kamphanane fordelte seg så
utover eit større område og det var slåstkampar i fleire gater. Her
skal det ha blitt brukt belter tvinna rundt handa som slagvåpen, og det
skal ha blitt slått med ein sperrebukk.
- Då politiet kom fram, hadde truleg fleire som var med i slåstinga stukke av, fortel John Kåre Flo til Mre.no.
Knuste dør
I
4-tida fekk politiet melding om at ei inngangsdør hadde blitt knust i
eit hus og det var bråk. Politiet var raskt på staden og
fekk ordne opp før det utvikla seg vidare.
- Kva som har skjedd og kven som er innblanda er alt for tidlig å seie noko om, seier Flo. - Vi ventar at fleire forhold vil bli melde, både med bakgrunn i slåstinga og i skadeverket, i tillegg vil politiet anlegge sak.
Flo fortel at vaktpatruljene på indre og ytre, som var ute natt til laurdag, var styrke nok til å hamle opp i slåstinga.

