Eit forhold som spelar inn ved helikoptertransport er veret, eit anna forhold er når helikopteret må frakte pasient til Ålesund, medan det er fleire som ligg att. Då må frakta av dei andre skje med ambulanse til Volda sjukehus.
Det vert
hevda at det ikkje er avgjerande kvar sjukehuset ligg. Underforstått er at
ambulansetenesta har utvikla seg til å kunne gi nødvendig stabiliserande
hjelp.
Rune Heggedal
peikar på at ein trass i den faglege utviklinga i ambulansetenesta, så kan
denne tenesta ikkje erstatte lokalsjukehuset og legespesialistane der. Det er framleis slik at avstanden til
sjukehuset kan vere avgjerande for somme pasientar.
Adm.dir i Helse Midt-Norge Gunnar Bovim, har hevda det og kommuneoverlege i Herøy, Bjørn Martin Aasen, hevda det under møte med formannskapspolitikarar i Herøy tysdag.
- Det er rett at der er ein liten del av dei kirurgiske tilfella som hastar svært, men når det hastar, då er tida knapp, seier Rune Heggedal som har erfaring frå både helikoptertenesta og no som avdelingsoverlege i Anestesiologi. Han slår også fast at då kan det stå om livet. Ved dei fleste kirurgiske akutt innleggingane er det meir tale om ubehag og smerter ved lang reisetid ved høvesvis brotskadar.
Akutthjelp redda baby
Heggedal kan
stadfeste eit tips som Møre-redaksjonen fekk frå ikkje-sjukehushald tysdag:
- Ja, det stemmer at det nyleg var eit tilfelle der helikopteret ikkje kunne gjennomføre transporten på grunn av tette snøbyger. Pasienten var livstrugande sjuk og fekk akuttbehandling her i Volda. Etterpå vart barnet frakta til Ålesund med sjukebil av vår anestesilege, bekreftar Heggedal og legg til: - Dette tilfellet er eit av mange og viser kor viktig det er at vi har eit sjukehus som kan gi akutthjelp når vertilhøve eller andre ting gjer at vi ikkje får frakta pasientar til det store sjukehuset.
Ikkje
legar
Heggedal peikar
også på det faktumet at ambulansane ikkje har legebemanning
- Ambulansehelikopteret og anestesilegen der kan gje livreddande behandling, stabilisere pasienten og syte for rask transport til sjukehus. Korkje ambulansehelikopteret eller ambulansebilane kan ikkje gi noko definitiv kirurgisk behandling, forklarer Heggedal. Dei fleste hastetilstandane er indremedisinske, og då kan til dømes helikopterpersonellet gje blodproppoppløysande behandling ved akutt hjerteinfarkt eller pustehjelp ved KOLS forverring under vegs til sjukehuset.
Når minutt tel
Heggedal peikar også på at ved nokre tilfelle så er
det nettopp minutta som tel og at det då kan stå om livet for den det gjeld.
- Når det gjeld alvorlege skadar er det bestemt at dei primært skal leggast inn i Ålesund. Dette er vi samde i. Av ulike grunnar er det slik at det stundom kan vere vanskeleg å få til dette. I eit tenkt tilfelle under ei alvorleg ulukke der fleire er innblanda tek helikopteret gjerne med seg ein alvorleg skadd til Ålesund sjukehus. Då må resten av dei skadde fraktast til Volda sjukehus for å bli undersøkte og få stabiliserande behandling. Det har vist seg at ganske mange av dei skadde får endeleg handsaming hos oss. Dersom det er medisinsk grunnlag for det, overflyttar vi pasientane til Trondheim eller Ålesund. Tilbodet vi har ved Volda sjukehus no set oss i stand til å gi eit tilbod om hjelp til dei som ikkje kan få hjelp i Ålesund grunna transportproblem. Det er ein realitet at ei transporttid frå Ørsta / Volda til Ålesund på 1,5 time kan medføre skilnaden på liv eller død for ein alvorleg skadd pasient.
Må ha
akuttkirurgisk
- I dei siste åra
har Volda sjukehus drive meir med ortopedi. På grunn av at den generelle
kirurgien har blitt svekka har det skjedd ei endring. Ved Volda sjukehus har
dette ført til at vi ikkje lenger utfører alle inngrepa vi gjorde tidligare.
Det er ingen tvil om at Ålesund sjukehus er eit meir komplett sjukehus, men
tilbodet vi har i Volda no er framleis viktig for folket på Søre Sunnmøre.
Tilbodet vert dårligare dersom ein fjernar all akuttkirurgisk virke ved Volda
sjukehus. Det vil føre til at det vert vanskeligare å rekruttere fagfolk av
alle slag. Eit sjukehus under nedbygging vil ikkje greie å rekruttere
gynekologar, kirurgar og anestesilegar, og neppe indremedisinarar heller. Då
vil Volda sjukehus på ein måte bli nedlagt av seg sjølv. Ein kan lure på om
dette er planen bak, for ingen sentralt plasserte personar har svara på dette
spørsmålet: Korleis rekruttere nøkkelpersonell til lokalsjukehus utan
akuttkirurgi? spør Heggedal
- Vi må
ha eit grunntilbod
- Det vert hevda
at den største utfordringa til helsevesenet er å møte behovet for indremedisin
og geriatri. Er det ikkje viktig at Volda sjukehus er med på dette?
- Det er ikkje tvil om at behovet for indremedisin vil auke kraftig, på grunn av at vi får ei eldre befolkning. Av same grunn vil vi også ha auke innan kirurgiske inngrep både i ortopedi og i blautdelskirurgi. Og kvaliteten på indremedisinen skal framleis vere god, det meiner også Helse Midt. For å gi tilbod til dei med hjarteinfarkt, pustesvikt, akutte ulukker og så vidare, kan vi ikkje berre ha eit godt tilbod innan medisin, vi må ha anestesilegar og kirurgar også. Det vil bli svært vanskeleg å få til om ein legg ned akuttkirurgiske verksemd ved Volda sjukehus, seier Heggedal.
Meir sjukehusstoff: Les intervju med Jan Magne Dahle (SV), som er styremedlem i Helse Midt-Norge, i Møre torsdag 4. februar.

