
Fredag vart avklarande for AR Data i Volda og fører til at databutikken flyttar inn i nye lokale hos Møre Konfeksjon i Elvegata. Roar Vikene og Magne Aarseth representerer leigetakar og utleigar, begge to er svært nøgde.
Fredag gjorde AR Data avtale med Møre Konfeksjon Volda AS om leige av butikklokalet på gateplan i Elvegata 3. Dermed vert databutikken verande i Volda.
AR Data fekk nye deleigarar hausten 2009, og det har frå leiinga vore delte meiningar om dei skulle fortsette i Volda eller sjå alternativt på Ørsta som hadde betydelig fleire ledige og passande lokale.
- Med vekt på våre eksisterande kundar i Volda som har vore lojal mot oss heilt sidan starten i 1994, samtidig som Møre Konfeksjon har strekt seg for å finne ei god løysing for oss, vart det til slutt bestemt at vi satsar vidare i Volda, seier ein nøgd Roar Vikene som er dagleg leiar for firmaet AR Data.
Vikene legg ikkje skjul på at dette var ei kjekk nyheit å kome med, for det har vore svært mange uroa, store kundar som helst ville ha AR Data i Volda.
Vikene peikar på at den nye butikken vil bli større, meir ryddig og har mykje betre plass til alle dei nye varene dei no har på lager etter samarbeidet med Mamoz.no. Og minst like viktig er at parkeringa ved den nye butikken er svært god og rommelig.
Magne Aarseth seier til Møre at han er svært nøgd med at AR Data valde å bli verande i Volda, difor strekte han seg også langt for å gi dei nye lokale.
Grunnen til at AR Data flyttar er at deler at bygget dei no er eetablert i står på midlertidig dispensasjon og når Hamnekvartalet i Volda skal utbyggast vert lokala deira redusert.

