
Laurdag morgon vart det meldt om ras i Geislida, mellom Bjørneset
og Høydalsneset i Volda. Det var også meldt om rasstengt E-39 i Ørsta
kommune.
To lavinehund-ekvipasjar og to personar frå Volda og Ørsta Røde Kors Skredgruppe, kunne stadfest at der ikkje
var bilar i raset i Geislida. Under det store snøfallet før i vinter, var Geislida
stengt. No vert vegstrekninga på nytt stengt inn til vidare.
E39
Kl. 3.42 vart det meld om at eit snøras stengde E39 mellom Lianeset og Rjåneset i Ørsta kommune. Vegen vart opna att kl. 14.15.
Då
transportbilen med Møre som skulle til Volda og Ørsta kom til raset på
E39 i natt, måtte han snu, ta ferja tilbake og ny ferje til
Hareidlandet. I tillegg har Møre-boda problem med det store snøfallet.
Difor er Møre forsinka laurdag. Kl. 11.30 var omdelinga starta, men vil
ta lang tid.

