
Dette er rømd oppdrettslaks av den magre sorten på mellom 2.5 og 3 kg. Den andre sorten er rundt 4 kg og mykje feitare med pellets i magen.
Ved Fiskeridirektoratet sitt kontor i Ålesund melder dei om røming av laks frå eit oppdrettsanlegg i Voldsfjorden. Siste dagane er her fiska oppdrettslaks med pellets i magesekken.
Fiskeridirektoratet fekk tidlegare denne veka melding om garnfiske av firekilos oppdrettslaks i område ved Velsvika. Og det urovekkande med tanke på om dei hadde med ei røming frå oppdrettsanlegg å gjere, var at det var pellets i magesekken på fisken. Det kunne tyde på at det var fisk som nyleg måtte ha rømt frå eit anlegg i nærområdet.
- Vi varsla med ein gong dei to anlegga som ligg nærast, Akvafarm Vartdal i Velsvika og Marine Harvest i Sandvika. Men ikkje noko tyder på at det er røming frå desse anlegga.
- Det vi derfor er ute etter no, er at om noko i området får oppdrettsfisk, -så ønskjer vi å få melding om det. Og at dei også tek vare på fisken slik at vi kan få teke prøve av den, oppmodar Jan Erik Rønneberg.

