
Sjølv om Team Simone hadde full klaff på det musikalske og bad folk om å stemme, rauk dei ut under kveldens direktesending av Det Store Korslaget. (Foto frå TV2)
Kveldens korslag vart nesten ein heidundrandes fest for Team Simon, for ein kan seie at koret tok av musikalsk... Men i Det Store Korslaget er ikkje det nok. For å gå vidare må ein ha ein stor nok fanklubb som sit klar med telefonane for å stemme favoritten vidare. Det mangla Team Simone fredag.
Musikalsk vart kveldens direktesende "Det Store Korslaget" eit steg mot dei store høgdene for Team Simone. "Tsjeriåu" rula og rappen med Simen Rotevatn var akkurat slik den skulle vere. Solist Bjørn Holum stod for tyngde og bass, Ulf Kristiansen på sax og med parykk hjelpte til for å få det rette preget. Koret var der det skulle vere, både musikalsk og showmessig.
Verdspremiære
Då koret på nytt stod singel på podiet og med sjølvaste dirigent Simone som solist, klinka dei til på nytt. Verdspremiære på ein av låtane til D`Sound, "All of the time", sytte for kvalitet.Her kunne teknikken ha gitt Simone meir trøkk i mikrofonen.
Også under fellessongane gjorde kormedlemmene seg bemerka, mellom anna Ingeborg Lejon med godt profilerte soloinnslag.
Fekk for lite stemmer
Det er nok ei kjennsgjering at det er ein stor nok stemmekrets som avgjer om ein går vidare i Det Store Korslaget og ikkje nødvendigvis det musikalske.
- Eg er veldig, veldig stolt av Team Simone. Takk til alle som har stemt på oss. Det har
vore ei fantastisk tid, sa Simone i det ho fekk vite at dei var ute av
konkurransen. - Eg nektar å tru at det var det vi presterte som gjorde at vi rauk ut. Koret
var fantastisk. Vi hadde vel rett og slett ikkje mobilisert nok. Eller så var det
ein stor fest på Sunnmøre der alle var og dei gløymte å stemme, sa Simone til
tv2underholdning.no etter at det var eit faktum at Team Simone mangla telefonstemmer for å gå vidare. Dermed rauk dei ut etter å ha fått vore med i fire sendingar.
No er det berre gutta i Team Åge, Team Joddski og Team Bjarne som står igjen.

