
Hovudtillitsvald for sjukepleiarane ved Volda sjukehus, Dagny Botn Brautaset, forklarer kva Volda sjukehus misser om det ikkje skal vere akuttsjukehus lenger og kor viktig det er at Søre Sunnmøre har dette nærtilbodet.
Då det blei kjent at Volda sjukehus kan miste den kirurgiske akuttberedskapen, har mange stilt spørsmål om kva som ligg i det å ha kirurgisk akuttberedskap, og kva endringar dette vil medføre for sjukehuset.
Konsekvensane eg no presenterer er bygd på erfaringar frå
andre sjukehus som har mista kirurgisk akutt tilbod.
-------------------------------------------
Dagny Botn Brautaset
HTV/Norsk Sykepleierforbund
HS. Volda sjukehus
-------------------------------------------
Eg vil ikkje forskottere Volda sjukehus si framtid, men det er ingen grunn til å tru at det vert så mykje annleis her enn på Nordfjordeid sjukehus, dersom Volda sjukehus misser akuttberedskapen i kirurgi.
Det er fellesgodene våre det handlar om. Det er difor viktig at du veit kva dette dreiar seg om.
Kirurgisk akuttberesskap betyr at kirurg er tilgjengeleg heile døgnet, for å vurdere og evt operere deg, om du skulle ha behov for det. På vakt i lag med kirurgen står eit operasjonsteam klart.
(Operasjonsteam: Operasjon/anestesi personell + støttefunksjonar som labratorie og røntgen)
Praktisk konsekvens av det å miste kirurgisk akuttberedskap:
* Vert du innlagt med uavklart sjukdomsbilde, får du inga vurdering av kirurg i akuttfasen
Har du magesmerter, td blindtarmsbetennelse, gallesteinssmerter, eller nyresteinsanfall, så må du transporterast til Ålesund for å få dette avklart.
* Bryt du ei hand, fot, anklel, eller lårbeinet, og skaden krev behandling med operasjon, vil der på dagtid være både kirurg, anestesi og operasjonspersonell i aktivitet med å ta unna planlagde operasjonar, men vi vil ikkje ha løyve til å hjelp deg. Du kan sikkert få tatt både røntgen og bli klargjort for operasjon, men så må du transporterast til Ålesund, og vente på tid på operasjon der. Sjølv om vi kunne operert deg samme dag. Desse problemstillingane er det mange av, og det vil merkast godt i befolkninga.
* Røntgenoverlege vakt på natt er bestemt fjerna. Dette var eit vedtak frå styret i Helse Midt Norge frå 07,og som Helse Sunnmøre no vil aktualisere. Dette svekkar traumeteamet sin funksjon.
(Traumeteam: Ei gruppe av legar, sjukepleiarar, laboratorie og røntgenpersonell. Desse har definerte oppgåver i å gje avansert livreddande førstehjelp til deg, om du kjem inn og er alvorleg skadd. Gruppa jobber etter felles mal for traumebehandling som er lik for alle sjukehusa i Norge)
* Kjem du ut for ei ulykke mellom 22.00-08.00 vil ikkje Volda sjukehus ha eit fullverdig traumetilbod etter at denne vakta er tatt bort. Dette fordi røntgenoverlegen er sentral for å avdekke skadeomfang med ultralyd diagnostikk for raskt å kunne avdekke indre blødningar. Dersom den kirurgiske akutt beredskapen i tillegg vert tatt bort, vert det ikkje noko traumemottak på Volda sjukehus i det heile. Uansett kva tid på døgnet du kjem. Då blir det ambulansetransport til Ålesund. Ved fleire alvorleg skadde kan dette bli eit stort problem.
* Dei fleste alvorlige traumer skjer i helgar på kveld eller nattestid. Skulle du eller nokon av dine vere utsett for ei ulykke , som, fall frå tak, stilas, stellebord, påkjørsel, traktorvelt, eller bilulykke, så må du til Ålesund.
Du kan bli henta med helikopter, men berre om det er ledig, veret er fint, og dei ikkje har kviletid. Det vil ikkje vere hjelp å få på Volda sjukehus, sjølv om ulykka skulle skje midt i Volda, Ørsta eller andre sentrum på Søre Sunnmøre.
* Føde og gyn tilbudet skal ikkje endrast no, men Kvinneklinikken er avhengig av ein døgnberedskap både innan anestesi og operasjon. Når fødselen dreg ut og situasjonen endrar seg i retning av at det hastar med å få barnet ut, må gynekologen i lag med anestesi og operasjonspersonell utføre keisarsnitt straks.
Denne beredskapen skal være på plass også i framtida.
Denne beredskapen vil bli dårleg utnytta, då operasjon og anestesi personellet i dag har mange oppgåver på vaktene som er knytt opp til akutt kirurgiske pasientar. Det er nærliggande å tru at ordninga raskt vil bli for dyr for Helse Sunnmøre, og omgjering til jordmorstyrt fødestove vert neste trekk. Jamfør Norfjordeid sjukehus der dette no er tema.
* Dersom kirurgisk avdeling vert 5 døgnspost, vert det stengt i alle helgar og høgtider. Dersom du er dårleg etter operasjonen og treng eit lenger opphald på sjukehuset, må du mest truleg bli frakta til Ålesund fredag ettermiddag, fordi då stengjer kirurgisk avdeling.
* Har du hjarteproblem, lungesjukdom, diabetes, hjerneslag, nyresvikt eller andre medisinske sjukdomar, vert tilbodet som før, men det medisinske fagmiljøet misser muligheita til å få vurdering av ein kirurg i situasjonar der ein er usikker på kva som feiler deg. Dette er eit eksempel på at tenestene heng i hop. Når ein riv bort ein funksjon får det konsekvensar også for andre fagfelt
* Dersom vi skulle bli ramma av naturkatastrofer i nærområdet, med stengde vegar og brotne kommunikasjonslinjer og du eller fleire skulle ha behov for akutt kirurgisk hjelp, vil ikkje Volda sjukehus, ha beredskap eller kompetanse til å hjelpe deg. Du må då vente på transport til Ålesund sjukehus
Dette tilbodet får du ved Volda sjukehus i dag:
Dersom du vert akutt sjuk og vert innlagt, vil du i løpet av kort tid få både ei kirurgisk, ei medisinsk og evt ei gynekologisk vurdering.
Røntgen og laboratorietenester er også tilgjengelig ved behov heile døgnet.
Kvinneklinikken avd Volda, tek imot deg når du skal føde. Og skulle det bli behov for akutt keisarsnitt, står operasjon og anestesi teamet klart.
Skulle du kome ut for ei ulykke, står traumeteamet parat, for å stabilisere situasjonen, avklare skadeomfang og eventuelt klargjere deg for vidare transport enten til Ålesund eller St Olav.
Den stabiliserande fyrstehjelpa som traumeteamet i Volda utfører, er den samme som du får både i Ålesund, eller på St.Olav Hospital.
Stabiliserande traumebehandling som vert
iverksett innan den fyrste timen, kan være forskjellen på liv og død, dette
viser forskning innan fagfeltet.
Skulle du ha behov for intensiv behandling, får du dette i dag på ei avdeling med god fagleg kompetanse både på lege og sjukepleie sida. Avdelinga har berre spesialsjukepleiarar og tilgang på spesialistar på legesida har tradisjonelt sett vore god både innan medisin og kirurgi.
Å fjerne kirurgisk akuttberedskap, vil ramme kompetanse, rekrutering og fagmiljø hardt, det viser erfaringar frå andre sjukehus. Det finst ikkje noko økonomiske tallmateriale i Helse Sunnmøre pr dags dato som viser at det er pengar å spare på å gjere desse grepa heller.
Vert det redusert i Volda, må tilbodet truleg byggast opp
ved Ålesund sjukehus, med meir personell, fleire sengar, auka
transportkostnader både med bil og helikopter, og DU må vente lenger
på hjelp.
Volda sjukehus driv godt slik det er i dag, både mht økonomi, nærheit til befolkninga og god kvalitet på tenestene.
Ver trygg på at alle vi som jobbar her på Volda sjukehus har eit klart mål! Nemlig at du som familie, nabo, venn, sambygding, og innbyggjar i ein av kommunene på Søre Sunnmøre, skal få det beste tilbudet den dagen du er sjuk.
Helse / Samferdsel: Vi har hatt ein auke i pasientstraumen . Skulle ikkje det tale for ei satsing på Volda sjukehus?
Eiksundsambandet gav fleire pasientar.
Kvivsvegen som opnar i 2012 kan endre pasientstraumar. Folket på Nordfjord sida har allereie mista sitt akutt kirurgiske tilbod på Nordfjordeid. Dersom dette vert lagnaden for Volda sjukehus også, vil det ikkje finnast noko akutt kirurgisk tilbod mellom Ålesund og Førde. Dette handlar om spesialisthelsetilbod til omlag 60.000 menneske. Så gjenstår det å sjå om folket på Nordfjordsida ynskjer eit samarbeid med oss, om det er mulig å få på plass ein avtale over regionsgrensa, og sjølvsagt om der finst tilbod i Volda når vegen opnar.
Det er naturleg å sjå nye vegsamband i samanheng med korleis vi organiserer samfunnet elles.
* Skal vi godta at vi som bur utanfor dei store byane ikkje skal ha tilgang til eit fullverdig spesialisthelsetilbud rimeleg nært der vi bur? Dette handlar om fordeling av fellesgodene våre. Det er politikk!
* Slik utviklinga no går er vi med på å finansiere eit endå betre lokalsjukehus til dei som bur i dei store byane, på bekostning av vårt eige tilbod.
Det er berre 30% av St. Olavs hospital som er regionsjukehus, resten er lokalsjukehus for folket i Trondheim og Sør Trøndelag.
* Er dette ei viktig sak for deg? Det no og i nær framtid kampen for Volda sjukehus står.

