
Anna Driveklepp og Marit Helset frå Volda Inner
Wheel inviterer til fakkeltog saman med Volda Rotaryklubb. Toget skal gå frå rådhuset i Volda til
sjukehuset torsdag.
Volda Inner Wheel og Volda Rotaryklubb inviterer alle innbyggjarane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord til å gå i fakkeltog for sjukehuset i Volda. – Vi må markere oss for å bli høyrt, seier initiativtakarane.
- Vi gjer dette for at alle som vil skal få ein sjanse til å vise kva dei meiner, seier Marit Helset. Saman med Anna Driveklepp har ho engasjert seg i sjukehussaka.
- Vi oppmodar alle om å vere med for å vise si støtte, og for å vise kor viktig det er for innbyggjarane at Volda sjukehus får behalde akuttfunksjonane. Dette gjeld ikkje berre innbyggjarane i Volda og Ørsta, men alle i nedslagsfeltet til sjukehuset. Det er heile Søre Sunnmøre, og også snart Nordfjord når Kvivsvegen vert opna, seier Anna Driveklepp engasjert.
- Nordfjord sjukehus miste sin akuttfunksjon. For innbyggjarane der vil det vere naturleg å reise til Volda når vegen opnar.
Eit folkekrav
Dei to meiner det vil vere uansvarleg å fjerne
akuttfunksjonane med tanke på både arbeidsplassar og geografien i området.
- Her er fjord og fjell som lokkar til seg både lokale folk og mange tilreisande. Vi har skule og industrielle arbeidsplassar. Det vil ikkje vere ansvarleg å fjerne akuttfunksjonen. Kva skjer viss nokon kjem ut for ei ulukke? spør Driveklepp.
- Vi håper så mange som muleg vil stille opp i fakkeltoget for å vise at dette er eit folkekrav, seier Helset.
Appellar ved sjukehuset
Alle som ønskjer å gå i toget kan møte opp utanfor
rådhuset i Volda torsdag 21. januar klokka 19.00. Helset har tinga over 1.000
faklar, men er usikker på om det er nok.
- Men det viktigaste er nok mengda med folk, trur ho.
Toget vil gå frå rådhuset til sjukehuset der det vil bli halde appellar.
- Vi må smi medan jarnet er varmt. Vi må vise at vi ikkje er på linje med dei som bestemmer, seier Helset.

