
Per Johan Ramsli er initiativtakar for folkeaksjonen og har tommelen opp både for akuttsjukehuset i Volda og folk sitt engasjement.
I dag vert folkeaksjonen for å bevare akuttfunksjonen ved Volda sjukehus offisielt starta. Initiativtakar for aksjonen er Per Johan Ramsli og han er svært glad for at fylkespolitikar og tidlegare fylkesordførar Jon Aasen tek oppgåva som leiar av folkeaksjonen.
Det viktigaste kampmiddelet til 42 år gamle Per Johan Ramsli, er å få fram all vektig og saklig argumentasjon som finst for at Volda sjukehus framleis skal verte klassifisert som eit akuttsjukehus. Difor har han fått med seg kommuneoverlege og helsesjef i Ulstein kommune, Torbjørn Måseide, som medisinsk fagperson i folkeaksjonsgruppa. Det næraste Ramsli sjølv er helsevesenet er å vere blodgjevar av og til. Til daglig jobbar han ved Høgskulen i Volda som fungerande opptaksleiar i administrasjonen.
Med Aasen og Måseide sitt engasjemnet har folkeaksjonen allereie eit sterkt samarbeid på tvers av kommunegrenser på Søre Sunnmøre.
No oppmodar Ramsli, som opphavleg er frå Sula, flest mogleg til å engasjere seg.
– Det folkelege engasjementet er svært viktig, seier Ramsli som har budd i Volda i 14 år.
På ryggen inn i framtida
I staden for å bli eit sjukehus der det skal gjennomførast planlagde inngrep, ser Ramsli heller for seg at Volda sjukehus bør styrkast.
- Slik dei fleste føler her på Søre Sunmøre har vi eit stort behov for sjukehuset og behov for å styrke sjukehuset. Om noko anna skulle skje går vi med ryggen inn i framtida, seier Ramsli og peikar på at Kvivsvegen er på plass om to år. – Då vert her 15-20 prosent auke i befolkningsgrunnlaget.
Veldrive sjukehus
- Volda sjukehus er eit veldrive sjukehus, dei samarbeider godt med Ålesund sjukehus, noko dei må halde fram med. Det som er oppbygd her er viktig å ta vare på, det gjer vi ikkje med å kutte bort akuttsjukehuset, seier Ramsli.
Veldig mykje god respons
Ramsli har fått mykje god respons etter at det vart kjent at han tok initiativ til aksjonen. Det er også mange som har meldt inn fleire idear til arrangement.
- Fakkeltog er ein aktivitet og her er mange andre innspel. Det viktige er at vi greier å halde trøkket oppe så lenge saka går, difor må vi spreie aktiviteten litt utover, seier Ramsli. – Det er svært bra at folk engasjerer seg og folk må få vise sitt sterke engasjement for saka.
I dag er heimesida til folkeaksjonen opna på adressa:
www.folkeaksjonenforvoldasjukehus.com

