Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Slå ring rundt sjukehuset no!

Inger Årflot vert provosert og skremd over helsepolitikken som kjem til syne. – No er det på tide vi seier frå kva vi som brukarar meiner, er oppfordringa hennar.

Signala som har kome fram siste halvår av 2009 og etter onsdagens sjukehusmøte, rystar folket på Søre Sunnmøre. Inger Årflot er ei av dei mange som set pris på tryggleiken sjukehustilbodet gir. No set ho ord på det mange tenkjer.

- Når det gjeld kompetansen ved dei små lokalsjukehus så er mi vurdering at dei må vere på topp, i alle fall til dei oppgåvene vi treng dei til. Det er ikkje lenge sidan eg las om ei kvinne som var operert ved eit større sjukehus der det var attgløymd ei saks inne i kvinna. Så eg trur ikkje dei må vere så opptekne av å peike på den gode fagkompetansen i store miljø framfor dei små, seier Inger Årflot.

-Rike Noreg har ikkje råd?
– Eg vert også imponert når eg tenkjer på kva arbeid sanitetskvinnene gjorde når dei drog i gong det lokale sjukehuset i 20 og 30-åra. Kontrasten til kåra dei hadde då og til det rike landet vi bur i no, er svært stor. Dermed vert undringa også stor når vi i dag ikkje skal ha råd til å drive eit sjukehus med den nædvendige akuttfunksjonen. For oss her på Søre Sunnmøre er det snakk om å ha eit nært sjukehustilbod og tryggleiken det representerer. Det er det som er helseverdien for oss, seier Årflot. – Eg får meir og meir inntrykk av at dette dreiar seg om kroner og øre i staden for helsetilbod.

Tid for mobilisering
- I desse dagar tenkjer eg mykje på kampane som er ført for å behalde lokalsjukehuset. No når vi har fått Eiksundsamband og om nokre få år Kviven, så vert det endå viktigare at vi har eit akuttsjukehus sentralt plassert på Søre som også kan gi tilbod sørover. Dermed er tida inne for at vi reiser oss og kjempar for sjukehuset vårt. Eg hugsar fakkeltoget vi hadde på Mork og engasjementet då. Eg er sikker på at ein folkeaksjon for å bevare akuttfunksjonen får støtte frå alle, seier Årflot. Ho vil også peike på at dette også dreiar seg om ein distriktskamp som ikkje berre skjer her på Søre. – Eg ser at dette dreiar seg om å styrke St. Olav i Trondheim og ein bieffekt av det vert at dei er med på å svekke og avfolke bygdesamfunna. Dette kan vi ikkje finne oss i.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.