
På nettstaden Facebook har over 5.000 personar meldt seg inn i gruppa "Vi som er i mot nedskjæringer på Volda sjukehus". Bak gruppa står ei dame frå Arendal.
- Eg flytta hit frå Arendal for fire år sidan, og eg skjønte fort at sjukehuset i Volda var på veg i same retning som sjukehuset i Arendal. Der ville dei flytte akuttfunksjonen til Kristiansand. Eg var ikkje så involvert i den prosessen, men dei arrangerte både fakkeltog, møter og stormønstringar, og det gjekk bra til slutt.
- Eg er ikkje så involvert i prosessen no heller, men eg oppretta denne gruppa for to år sidan, og sidan då har medlemstalet stige jamt og trutt. Dei siste fjorten dagane har det tatt heilt av, og fleire har skrive svært engasjerte innlegg. Eg ser på dette som ein god start, og no håpar eg at nokon som er litt betre kjende med prosessane på sjukehuset og i området vil ta saka vidare, for det må skje mykje meir viss sjukehuset skal få behalde alle funksjonane det har i dag.
Engasjerte innlegg
Og det er tydeleg at saka engasjerer.
- Det er når krisa rammar at ein veit kva ein treng. Det
er for seint å ete kake når hendene er vekke, skriv ein.
- Det er fantastisk å sjå kor mange som har støtta opp om denne aksjonen berre i dag. No er det utruleg viktig også å få våre lokale politikarar heilhjarta på bana. Eg var med på 70-talet og støtta opp om oppbygginga av det nye sjukehuset. Då var Dr. Nordahl med fleire sterke forkjemparar og primus motor i arbeidet. Sjukehuset i Volda skal bestå og ha dei funksjonane det har i dag. Kvar einaste ein som bur i nedslagsfeltet, som snart blir større med Kvivsvegen, må stille opp for dette, og rope eit rungande NEI til sønderplukking, og til sist nedlegging, skriv ein annan.
- Har nokon her høyrt ”våre” lokale styremedlem i Helse Sunnmøre seie noko som helst for å kjempe for viktige funksjonar på Volda sjukehus? Har dei gjort jobben sin? Fortener dei styrehonoraret sitt?, er det ein som spør.
- Vi må kjempe for å behalde nødvendige funksjonar ved Volda sjukehus. Kva med ei "kampgruppe" som kan jobbe inn mot og saman med tilsette og politikarar for å få fram meir målretta og samordna "skyts"? Trur det er nødvendig dersom vi skal nå fram til dei rette instansane, foreslår ei.
- Vår region treng kompetanse på sjukehuset i Volda. Reduksjon av tilbodet der er absolutt ikkje ein vinn-vinn situasjon, men eit stort tap for oss alle dersom dei får gjennomført planane sine, skriv ei anna.
- Viss vi ikkje vaknar no, er løpet køyrt. Dette er ingen kamp om å verne arbeidsplassar, men ein realitet om å leve og å ikkje leve. Trur ikkje dei fleste er klar over kva eit lokalsjukehus har å bety for kvar enkelt. Fakkeltog? Det hadde dei på Eid, sjølv om dei fekk MR. Kva hjelpte vel det? Dette er storpolitikk. Vi må stå i ring rundt heile sjukehuset, hand i hand. Varsle alle kjende om at kampen er i gang!

