Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Redde for akuttfunksjonen ved Volda


Gunnar Bovim understreka at vi har eit godt helsevern og at folk på ventelister kan ha like stor trang for behandling som akuttpasientar.

Det var mange skeptiske fjes å sjå etter sjukehusmøtet onsdag. I løpet av det til tider kjensleladde og heite møtet kom det mange klare meldingar til Gunnar Bovim om den viktige funksjonen til lokalsjukehuset i Volda. Mange stilte seg svært skeptisk til om der i det heile er pengar i å effektivisere bort akuttfunksjonen når der likevel skal drivast sjukehus i Volda.

Striden står mellom eit akuttsjukehus eller eit sjukehus som skal drive med planlagde inngrep (elektivt). Under møtet sa Bovim seg samd med Inge Eskeland om at akuttkirurgi heng nøye saman med blautdelskirurgi. Eskeland stilte spørsmål etter innlegga der han fokuserte på utfordringa.

- Med å fjerne akuttkirurgien fell sjukehuset i Volda saman, sa Eskeland og viste til at det ikkje kom til å vere legar som ville jobbe der. Dette vil få fatale konsekvensar og det er klar konsensus mellom legane kva vi meiner om det. Legeforeninga meiner også at akuttmottak utan fullverdig kirurgisk kompetanse vil gi amputert lokalsjukehus – ikkje robuste, slik Helse Sør-Øst beskriv i forslaget til hovudstadprosessen.


Kan misse akuttfunksjonen

Etter møtet var ikkje Rune Heggedal, leiar ved akuttavdelinga ved Volda sjukehus, det minste tvil om at Volda kan vere i faresonen.

- I og med at vi er det minste sjukehuset kan det absolutt bli oss som misser akuttfunksjonen. Men det skal vere vanskelig for nokon å vedta noko slikt, for vi kan peike på så mange rasjonelle argument som talar for at vi framleis skal ha denne viktige funksjonen i Volda.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.