
Det kom totalt 445 barn til verda på fødeavdelinga
i Volda i 2009. Det er rekord. Ut frå det dei har oversikt over framover,
startar iallfall 2010 med like stor pågang av fødande.
Med slik utvikling og vidare vekst i fødselstala, ser ikkje avdelingsjordmor Haldis Nilsen for seg at nokon vil kunne finne på å ville redusere tilbodet ved fødeavdelinga.
Lempar på besøksforbodet
Frå og med årsskiftet vedtok dei elles å lempe litt på
dei strenge reglande dei har hatt med tanke på smittevern. På grunn av fare for svineinfluensasmitte har
det ei tid vore berre far som har fått vere med den fødande. Frå no av opnar
dei for at søsken til dei nyfødde får kome på besøk. Inntil vidare opnar dei
ikkje opp for meir besøk. Så besteforeldre vil enno måtte vente på å få
sjå barnebarna til dei kjem heim.
Avdelingsjordmor Haldis Nilsen kan ikkje seie om det er dei strenge smittevernrestriksjonane som har hjelpt, men dei har iallfall ikkje hatt noko problem med influensasmitte på avdelinga.

