Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Pengane skal gå til satellittelefon


* Sunnmøre Alpine redningsgruppe avdeling Ørsta/Volda må ofte ut i vanskelege terreng og ofte må dei bruke helikopter. Då er godt samband viktig, noko dei får med ein ny satellittelefon. (Arkivfoto)

Sunnmøre Alpine redningsgruppe gjer eit fantastisk viktig arbeid. Folk set pris på redningsgruppa med avdeling Ørsta/Volda og Scana gir dei eit femsifra beløp for det gode arbeidet.

- Vi er veldig takksame for dei 20.000,- kronene vi fekk i gåve med Scana. Dette er pengar som kjem til å kome godt til nytte, seier ein strålande nøgd leiar i Sunnmøre Alpine redningsgruppe avdeling Ørsta/Volda Roar Saure.

Kjem til nytte
-    Vi skal kjøpe satellittelefon. Det er noko vi treng når vi er ute å leitar etter folk i fjell eller dalar der vi ikkje har mobildekning. Det er noko som står på lista våra av ting vi treng, fortel Saure.
-    
- Kva går arbeidet dykkar ut på?
-    Dei alpine redningsgruppene er etablert for å drive redningsarbeid i bratt og utsett terreng. Det vil seie i terreng som krev kunnskap og erfaring i bruk av sikringsmidlar og tau for å ferdast trygt og arbeide effektivt. Vår styrke er å hente personar raskt ut frå utilgjengelige områder og områder der tyngdekrafta er eit faremoment. Dette kan dreie seg om klatrarar, om skikøyrarar, jegerar eller turgåarar som har gått seg fast eller ligg vanskeleg tilgjengeleg, personar som har falle i elvejuv og skredtatte som elles ikkje kan nåast på grunn av akutt rasfare, forklarar Saure.

Synest dei gjer eit godt arbeid
-    Vi ville støtte opp under det flotte arbeidet Sunnmøre Alpine redningsgruppe avd. Ørsta/Volda gjer med å hente personar ut frå utilgjengelege områder og områder der tyngdekrafta er eit fenomen, fortel kommunikasjonskonsulent ved Scana Volda Carina Haugland.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.