Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

Den store romjulsfesten


 Det er venta mange gjestar til dei ulike utestadane i Volda og Ørsta 2. juledag. Til saman er det lagt ut 1.300 billettar (illustrasjonsfoto frå Rokken)

2. juledag er utedagen over nokon i romjula. Då møtes fråflytta, tilflytta og lokale voldingar og ørstingar på utvalde utestadar, viss dei har klart å skaffe seg billett. Sjeldan er etterspurnaden så stor som til nettopp denne dagen.

- Folk ønskjer å møte vener og kjende, og mange har kome heim på juleferie. Dette arrangementet er like populært kvart år, seier hotellsjef for Hotell Ivar Aasen i Ørsta, Bjørg Eikrem.

Rokken
Studenthuset Rokken i Volda merkar lite til at mange av studentane reiser heim og vekk frå Volda i jula.

- Vi skal ha diskotek og har lagt ut 400 billettar for sal. No, måndag føremiddag, har vi 20 billettar att. Salet har gått mykje betre enn tidlegare år. På konsertar kan vi ta 550 personar, men sidan dette skal vere eit diskotek legg vi ut færre billettar. Det skal vere muleg for folk å kunne bevege seg på dansegolvet, seier Kristiansen.

Ved dei andre utestadane i Volda og Ørsta får Møre melding om at dei ventar stort innrykk av festglade i romjula.


Fortvil ikkje
Dei som er for seint ute med å skaffe seg billettar til 2. juledag kan framleis oppleve god stemning på utestadane andre dagar i romjula.

Hotell Ivar Aasen i Ørsta inviterer til romjulsdans med Woodleg Odd 4. juledag.

Studenthuset Rokken har tradisjon tru BokkeReidars BluesBand på spelelista 3. juledag.

På Rust club & scene er det arrangement kvar dag, også på nyårsaftan.

Sjå stor reportasje om utelivet i romjula i Møre tysdag 22. desember.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.