
Ordførar Ragnild Aarflot Kalland overrekte blomar til læraren Klaus Blø, som var ildsjela og drivkrafta bak dette prosjektet. - Tenk å ha sånne elevar, då! sa Klaus Blø då han snakka om produsentane av filmen.
Filmen Volda Rundt vart vist på Volda Filmteater torsdag, og ordføraren var tilstades for å sjå den. Filmen vart laga av niandeklassingar på ungdomskulane rundt om i Volda kommune.
I salen sat mange som har vore med i produksjonen. Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland hadde mykje fint å seie om filmen til niandeklassingane.
- Eg må takke for ein fantastisk flott film! Den har gledd meg utruleg mykje og dokke må ha lært veldig mykje.
Ho tykkjer ungdomane har valt interessante tema som syner stor breidde, og at ho vart imponert over kor mykje av Volda kommune som kom fram i filmen.
- Kom på kino og sjå! Det er verkeleg ei fin lita reise rundt om i Volda, er oppmodinga hennar. Filmen vart vist laurdag og skal visast tysdag 15. desember.
Dei engasjerte niandeklassingane fekk redigering- og produksjonshjelp frå 16 elevar ved medielinja Volda vidaregåande skule. Prosjektet vart sponsa av den kommnale kultursekken, Sparebank 1 og Høgskulen i Volda. Hjelp har dei også fått av mediebedrifta Frost Media. Eit slikt prosjekt er veldig krevjande, så det har teke mykje tid og krefter for å få det til. Klaus Blø vart takka for sitt enorme engasjement, og han har nok fått nok av slike omfattande prosjekt for ei god stund.
- Det vert nok lenge til neste gong, ler Klaus som mottok to blomsterbukettar for innsatsen.

