Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

På 2. plass etter spennande finalespel


Frå venstre: Jenny Venås, Kari Werenskjold, Birte Slettevoll, Elise Eidset, Iris Inguito, Maria Barstad. Framme sitter Ingvild Skogly. Foto: Astrid Kiperberg

KFUM Volda sitt Jente-17 lag gjorde ein flott innsats under Rankingturneringa i Kristiansund i helga.

Det var deltakande lag frå heile fylket. Etter eit litt surt og knipent 2-1 tap mot Ellingsøy i den første kampen, mobiliserte dei skikkeleg vinnarvilje og knuste erkerivalen Blindheim 2-0. Dermed vart dei puljevinnar og gjekk vidare til semifinalen, der dei slo Molde komfortabelt 2-0. I ein jamspelt finale mot Kristiansund heldt laga følgje med kvarandre hele vegen, men nordmøringane vann kampen etter 25-23 i første settet og 25-21 i det siste settet. Jentene frå KFUM Volda viste eit framifrå lagspel og innsatsvilje, og samla viktige rankingpoeng for vidare meisterskap denne sesongen.

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.