
Under konserten til Elisabeth Andreassen og Rein Alexander vert det 11 år gamle Emma Warholm Myrene som får synge saman med dei kjende artistane.
For ei stund sidan gjekk artistane ut og etterlyste om
der var nokon som ville synge “Deilig er jorden” saman med dei under konserten i Voldskyrkja fredag.
Mellom søknadane og lydklippa fann Elisabeth og Rein denne søknaden:
“Eg heiter Emma Warholm Myrene og er 11 år. Eg likar kjempegodt å synge og danse. Om eg hadde fått synge sammen med dere hadde det vore supert. For nokre år sidan så sang eg i kyrkja saman med Hanne Krogh, det var kjekt. Eg går i lære på kulturskulen med songpedagog for tredje året på rad og har hatt enkelte solistroller på revyar og konsertar. I fjor så song eg firevers på songen, ”Du skal ikkje tru det blir sumar”, frå Astrid Lindgren’sverden. På kulturskulen sin julekonsert i kyrkja no den 10. desember skal eg synge solist på eit av versa til ”Det lyser i stille grender”. Eg går også på klassisk- og jazzballett og har deltatt på UKM med min eigen korreograferte dans. Eg bur i Ulstein kommune og kunne tenkt meg å deltatt enten i Volda eller i Ålesund, det er helt i orden for mamma og pappa. Tusen takk og vennlig hilsen Emma”.
- Emma Warholm Myrene har ei vakker, rein, nesten
engleaktig stemme, og vi gler oss til å sjå og høyre henne synge Deilig er
jorden i Volda kyrkje, seier Rein Alexander til Møre.

