Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Kor Simone er klart


Dei som er blitt med i koret til Simone: Heidi Fjukstad,  Yngvil Birkeland,  Tone Rustestuen,  Stine Nilsen,  Magdeleine Vartdal,  Gunvor Rangsæter,  Guro Håvik,  Guro Velle,  Ingeborg Rørvik,  Kristina Kurseth,  Mia Constance,  Gunnar Aurdal,  Marius Danielsen,  Odd Folkestad,  Rolf Magne Tente,  Simen Rotevatn,  Sondre Johansen, Ulf Kristiansen,  Øyvind Lied  og Bjørn Holum.

- Å vere med på dette skal bli skikkeleg moro, forsikrar Simone. Men ho vedgår at ho skreik og hadde det vondt då ho måtte plukke ut koret sitt seint onsdagskvelden, og at ho då samtidig måtte seie nei til dei mange andre som ville vere med.

- Det eg kan forsikre om er at alle dei  vi måtte seie nei til, var meir enn gode nok til å vere med. Men det kan vere med berre 20, og då måtte det berre bli slik. Det folket  skal vite om, er at nivået på songarane her er imponerande høgt. Derfor var det også ekstra vanskeleg å seie nei til så mange, understrekar ho.

No er det masse jobbing før programma skal visast på TV2. Første nyttårsdag er det opptak i Oslo, så feiring nyttårsaftan blir det ikkje. Alle skal reise nedover i eige fly dagen før.

Når det gjeld utfallet av Det store  korslaget, seier ikkje Simone; -om vi skulle vinne... –Når vi vinn, seier ho. Og fortel som om det er då ho verkeleg startar på draumen som ligg bak.

- Det er rett. Eg har ein draum, smiler ho.

- Vinnaren av Korslaget får ein halv million kroner, og det eg vil bruke desse pengane til, det treng eg hjelp til, ber ho og fortel om noko ho vil starte opp i Volda.

Les stor artikkel og laurdagsprat med Simone i Møre for laurdag 28. november.


Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.